[an error occurred while processing this directive]
For heile landet var det ein auke i talet på arbeidstakarar med 2,7 prosent. Auken var størst i Akershus med 4,4 prosent og i Oslo med 4,1 prosent. Òg Buskerud, Aust- og Vest-Agder, Rogaland, Sør-Trøndelag og Troms hadde ein prosentvis auke i talet på arbeidstakarar større enn landet sett under eitt.
Akershus og Oslo hadde størst vekst i talet på arbeidstakarar frå 1995 til 1996. Finnmark var det einaste fylket med ein nedgang i talet på arbeidstakarar.
Auke i sekundærnæringane i alle fylka unnateke Finnmark
Frå 1995 til 1996 auka talet på arbeidstakarar i sekundærnæringane med 2,7
prosent. Alle fylka unnateke Finnmark hadde ein auke i sekundærnæringane sett
under eitt. Den prosentvise auken var størst i Troms og Rogaland. I begge fylka
var auken på over 5 prosent. I Akershus og Sør-Trøndelag var auken på 4,8
prosent.
Det kom til 6 300 fleire arbeidstakarar i industri og bergverksdrift frå 1995 til 1996. Auken var størst innanfor produksjon av næringsmiddel, metallvarer og maskiner. Oslo og Finnmark var dei einaste fylka med ein nedgang i talet på arbeidstakarar i industri og bergverksdrift i den same perioden. Akershus og Oslo hadde den største prosentvise auken i talet på arbeidstakarar i byggje- og anleggsverksemd med 9,1 og 8,9 prosent, medan auken for heile landet var på 5,3 prosent.
Størst auke innanfor forretningsmessig tenesteyting
I forretningsmessig tenesteyting og eigedomsdrift var det for heile landet ein
auke i talet på arbeidstakarar på 7,6 prosent, frå 1995 til 1996. Alle fylka
unnateke Finnmark hadde ein auke i denne næringa, og den prosentvise auken var
størst i Vest-Agder og Oslo med høvesvis 15,7 og 10,7 prosent. Offentleg,
sosial og privat tenesteyting hadde frå 1995 til 1996 ein auke på 2,6 prosent
for landet sett under eitt. Auken var størst i Oslo og Sør-Trøndelag.
Arbeidstakarstatistikken etter arbeidsstad viser kor i landet arbeidstakarane arbeider, og ikkje kor dei nødvendigvis bur.
Om statistikken
Arbeidstakarstatistikken etter arbeidsstad omfattar førebels ikkje tilsette i
primærnæringane, med unnatak av arbeidstakarar innanfor fiskeoppdrett.
Statistikken baserer seg hovudsakleg på data frå Rikstrygdeverket sitt
arbeidstakar-/arbeidsgjevarregister og Einingsregisteret. Rikstrygdeverket
gjennomførte ikkje årskontrollen av arbeidstakar-/arbeidsgjevarregisteret i
1996. Tala for 1996 er difor av noko dårlegare kvalitet. Ny næringsstandard
(NACE) er teke i bruk frå og med 4. kvartal 1996. Mellom anna på grunn av
endring i bedriftsinndelinga i offentleg sektor vil det kunne vere noko problem
med samanlikningsgrunnlaget i tala for 1995 og 1996.
Ny statistikk
Arbeidstakarar etter arbeidsstad, 4. kvartal 1996.
Statistikken kjem ut
årleg i Ukens statistikk. Tal på kommunenivå vert publisert i Noregs offisielle
statistikk (NOS) Regionalstatistikk. Meir informasjon: Kari.Kraakenes@ssb.no,
tlf. 21 09 47 86, eller Inge.Aukrust@ssb.no, tlf. 21 09 47 81
Ukens statistikk nr. 44, 1998 [an error occurred while processing this directive]