[an error occurred while processing this directive]
Talet på innvandrarar på ordinære arbeidsmarknadstiltak gjekk ned med 819 personar frå august i fjor til august i år. Til samanlikning gjekk talet på tiltakdeltakarar for heile folket ned med 5 016 personar eller 34,3 prosent. Størst nedgang var det for innvandrarane frå Aust-Europa. Statistikken omfattar berre førstegenerasjonsinnvandrarar.
Talet på innvandrarar på tiltak gjekk ned 19,8 prosent frå august i fjor til august i år, medan det for heile folket var ein nedgang på 34,3 prosent. Delen innvandrarar av alle som var på arbeidsmarknadstiltak auka difor frå 28,3 til 34,5 prosent siste året. Tala må sjåast i samanheng med at innvand-rarane framleis har om lag tre gonger så høg arbeidsløyse som heile folket.
Arbeidsløyse på 7,7 prosent
Den registrerte arbeidsløysa for førs-tegenerasjonsinnvandrarar gjekk ned frå
10,8 prosent i august i fjor til 7,7prosent i august i år. Til
samanlikning gjekk arbeidsløysa for heile folket ned frå 3,5 til 2,6 prosent.
Størst nedgang i arbeidsløyseprosenten hadde innvandrarane frå Afrika.
Ved utgangen av august i 1998 var det registrert 9 012 arbeidslause førstegenerasjonsinnvandrarar. Det er ein nedgang på 2 596 personar frå same kvartal i fjor. Den registrerte arbeidsløysa gjekk ned for alle innvandrargruppene og særleg for dei ikkje-vestlege innvandrarane. Størst nedgang i arbeidsløyseprosenten hadde innvandrarane frå Afrika med 6,1 prosentpoeng og innvand-rarane frå Aust-Europa med 5,5 prosentpoeng. Likevel har desse om lag fem gonger så høg arbeidsløyseprosent som heile folket. Arbeidsløysa til vestlege innvandrarar gjekk berre ned med 0,9 prosentpoeng. Til gjengjeld har dei no berre eit tidels prosentpoeng høgare arbeidsløyseprosent enn folket generelt.
Størst nedgang for menn frå Afrika
Arbeidsløyseprosenten for mannlege innvandrarar gjekk ned med 3,4 prosentpoeng
frå august i 1997 til august i år, medan han for menn generelt gjekk ned med 1
prosentpoeng. Størst nedgang i arbeidsløyseprosenten hadde mannlege
innvandrarar frå Afrika med 6,6 prosent-poeng og mannlege innvandrarar frå
Aust-Europa med 5,1 prosentpoeng. I same periode gjekk arbeidsløyseprosenten
for mannlege innvandrarar frå Sør- og Mellom-Amerika ned med 4,8 prosentpoeng.
Dette er mykje i og med at dei i utgangspunktet hadde den lågaste
arbeidsløyseprosenten blant ikkje-vestlege innvandrarar. For kvinnelege
innvandrarar gjekk arbeidsløyseprosenten ned frå 10,5 i august 1997 til 7,9 i
august i år. Til samanlikning gjekk arbeidsløyseprosenten for alle kvinner ned
frå 3,7 i august 1997 til 2,9 i august i år. Nedgangen i arbeidsløyseprosenten
var størst for dei kvinnelege innvandrarane frå Aust-Europa med 5,9
prosentpoeng.
Lågast arbeidsløyse i Bærum, høgast i Trondheim
Statistisk sentralbyrå reknar òg ut registrerte arbeidslause i prosent
av alle innvandrarane i yrkesaktiv alder (16-74 år) og ikkje berre i prosent av
arbeidsstyrken. For heile landet var 9,8 prosent av alle ikkje-vestlege
innvandrarar i alderen 16-74 år registrert anten som arbeidslause eller på
arbeidsmarknadstiltak i august i år. Tilsvarande tal for alle busette personar
var 2,2 prosent. Om ein tek utgangspunkt i kommunar der det bur minst 2 000
ikkje-vestlege innvandrarar i alderen 16-74 år, hadde Trondheim det høgaste
talet på ikkje-vestlege innvandrarar anten registrerte arbeidslause eller på
tiltak i prosent av personar i alt august 1998. Bærum hadde den lågaste
bruttoarbeidsløysa (arbeidslause pluss dei på tiltak). Tala var høvesvis 12,6
og 5,4 prosent.
Om statistikken
Innvandrarar er i denne statistikken personar (16-74 år) som er fødde i
utlandet av utanlandske foreldre. Ikkje-vestlege innvandrarar omfattar personar
frå Aust-Europa, Asia, Tyrkia, Afrika, Sør- og Mellom-Amerika. Arbeidsløyse- og
tiltakstala byggjer på data frå Arbeidsdirektoratet sitt register over personar
som søkjer arbeid ved arbeidskontora.
Ny statistikk
Arbeidsløyse blant innvandrarar, 3. kvartal 1998.
Statistikken kjem ut
fire gonger i året i Ukens statistikk. Meir informasjon:
Jorn.Ivar.Hamre@ssb.no, tlf. 21 09 49 29, eller Kari.Kraakenes@ssb.no, tlf. 21 09 47 86.
Ukens statistikk nr. 48, 1998 [an error occurred while processing this directive]