[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 51, 1998

Sjøfisket etter laks og sjøaure, 1998:

Auka fangst i Nord-Noreg


Førebelse tal viser at det blei fiska i alt 415 tonn laks, sjø-aure og sjørøye i sjøen langs kysten i 1998. Dette er 10 tonn meir enn året før. Medan det frå 1996 til 1997 stort sett var nedgang i alle fylka, har fangsten teke seg opp att i dei nordlegaste fylka i 1998.
Fangsten var fordelt på 404 tonn laks og 11 tonn sjøaure/sjørøye. 32 prosent av laksen var under 3 kilo, 50 prosent mellom 3 og 7 kilo, og 18 prosent var over 7 kilo. Gjennomsnittleg vekt var 3,6 kilo, det same som i 1997. Finnmark er det viktigaste laksefylket. Rekna etter vekt, blei 37 prosent av fisken fanga i dette fylket.

Førstehandsverdien av fisket i sjøen er utrekna til om lag 20 millionar kroner.

Ny statistikk
Sjøfisket etter laks og sjøaure, 1998.
Statistikken kjem ut årleg i Ukens statistikk og Noregs offisielle statistikk (NOS) Lakse- og sjøaurefiske og Regionalstatistikk. Meir informasjon: Anne.Turi.Baklien@ssb.no, tlf. 62 88 52 30, eller Ase.Mobraten@ssb.no, tlf. 62 88 52 31.

Tabeller

Ukens statistikk nr. 51, 1998 [an error occurred while processing this directive]