[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 6, 1999

Produksjonsindeks for industrien, desember 1998:

Produksjonen auka med 3 prosent


Industriproduksjonen auka med 3 prosent frå 1997 til 1998. Sterk vekst i eksportretta industri og delar av tradisjonell verkstadindustri var nokre av faktorane bak utviklinga. Frå november til desember synte produksjonen ein nedgang på 0,8 prosent, rekna i sesongjusterte tal.
Produksjonen i olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning (totalindeksen) fall med 0,6 prosent i 1998 samanlikna med året før. Dette kjem i fyrste rekkje av lågare olje- og gassproduksjon. Den var 5,6 prosent lågare enn i 1997.

Utviklinga gjennom 1998 syner ein sterk vekst i produksjon av investering svarer med ein auke på 6,9 prosent samanlikna med året før. Dette heng saman med den sterke veksten i industri knytt til bygging og innreiing av oljeplattformer. Tradisjonell eksportindustri, som til dømes metallindustrien, og andre delar av verkstadindustrien, som mellom anna metallvare- og maskinindustrien, kan også syne til vekst gjennom 1998. Tekstil- og bekledningsindustri, oljeraffinering og gummivare- og plastindustrien har hatt ein klar nedgang i same tidsrom. Ser ein på utviklinga frå kvartal til kvartal i 1998, har veksttakten i industrien vore minkande, og den vart i siste del av året snudd til ein liten nedgang.

Nærings- og nytingsmiddelindustrien og trelast- og trevareindustrien har hatt ein klar nedgang frå november til desember, dersom ein ser på sesongjusterte tal.

Om statistikken
Oppgåvene til Statistisk sentralbyrå sin produksjonsindeks blir henta inn frå om lag 1 650 bedrifter med innsendingsfrist den 15. i kvar månad. Vektgrunnlaget er tilverkingsverdi til faktorpris, og indikatorar for produksjonsvolumet er produksjon av viktige varer, arbeidde timeverk eller råvareinnsats. Statistikken dekkjer olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning.

Ny statistikk
Produksjonsindeks for industrien, desember 1998.
Statistikken blir gjeven ut kvar månad i Ukens statistikk. Meir informasjon: Oyvind.Naustdal@ssb.no, tlf. 21 09 47 35, eller Tom.Andersen@ssb.no, tlf. 21 09 47 29.

Tabeller finner du på statistikkens faste side.

Ukens statistikk nr. 6, 1999 [an error occurred while processing this directive]