[an error occurred while processing this directive]
Førebelse tal frå Utvalsteljing for landbruket 1998 viser at det prosentvis var noko fleire brukarar som investerte i maskinar og reiskapar i 1997 enn i 1993, 23 prosent i 1997 mot 21 prosent i 1993. I gjennomsnitt for dei bruka som investerte vart det investert 118 000 kroner i 1997 og 92 600 kroner i 1993. Jamvel om ein korrigerer for prisauken i perioden viser dette at investert beløp per driftseining var større i 1997 enn i 1993.
Det vart totalt investert 3 434 millionar kroner i maskinar, reiskapar og driftsbygningar i jordbruket i 1997. Sidan førre registrering har det vore nedgang i investeringane i driftsbygningar, medan investeringane i maskinar og reiskapar har auka.
65 prosent av investeringane til maskinar og reiskapar i 1997 gjekk med til kjøp av firehjulstraktorar og skurtreskjarar.
I 1997 vart det investert 1 291 mil-lionar kroner i driftsbygningar, fordelt på 7 300 brukarar. Vel 9 prosent av brukarane investerte i driftsbygningar i 1997, og tilsvarande tal for 1988 var 16 prosent.
Både i 1988 og 1997 vart det investert i driftsbygningar, maskinar og reiskapar på ein vesentleg større del av dei store bruka enn av dei små.
Driftsbygningar
Det var i alt 71 400 driftseiningar som ga opp at dei hadde driftsbygning i
1998. 91 prosent av desse driftsbygningane var i bruk, om ikkje til det
formålet dei opprinneleg var bygd for. 15 200 brukarar har planar om å byggje
ny eller byggje om på driftsbygningen dei næraste fem åra. 36 prosent av dei
med byggjeplanar ga slit og elde på bygningane som viktigaste årsak til
byggjeplanane, medan 30 prosent sa at planar om å auke omfanget av noverande
produksjon var viktigaste årsak.
Om lag to tredjedelar av dei som hadde byggjeplanar rekna med at dei ville fortsetje drifta av bruket om lag som no dersom byggjeplanane ikkje blei gjennomførte, medan 20 prosent rekna med å innstille drifta av bruket på kortare eller lengre sikt.
Om statistikken
Investeringane gjeld berre utgifter som er aktiverte i status. Vedlikehald og
reparasjonar av driftsbygningar som ikkje er aktiverte, er ikkje rekna med i
investeringsbeløpa. Utvalsteljinga har òg med skogrelaterte spørsmål.
Resultat frå dette emneområdet blir publisert i Ukens statistikk så snart dei
ligg føre.
Ny statistikk
Utvalsteljing for landbruket. Investering i maskinar, reiskapar og
driftsbygningar 1997.
Statistikken er ein del av utvalsteljing for
landbruket og kjem ut årleg i Ukens statistikk og Noregs offisielle statistikk
(NOS) Jordbruksstatistikk. Meir informasjon: Berit.Bjorlo@ssb.no, tlf. 62 88 55
07, eller Torbjorn.Solberg@ssb.no, tlf. 62 88 51 84.
Ukens statistikk nr. 10, 1999 [an error occurred while processing this directive]