[an error occurred while processing this directive]
For familiar med 375 000 kroner i inntekt og eitt barn i barnehage, er det barnefamiliar busette i Sogn og Fjordane som har rimelegast barnehageplass. Med bruttoinntekt på 100 000 kroner er det Akershus som er rimelegast.
Barnehagetakstane varierer sterkt etter kva for del av landet ein bur i. Med
eitt barn i barnehage og bruttoinntekt på 375 000 kroner varierer årsbetalinga
mellom 28 296 kroner i Sogn og Fjordane og 37 455 kroner i Oslo.
Med bruttoinntekt på 100 000 kroner betalar ein under 8 000 kroner i året i
Akershus og Oslo. I dei tre dyraste fylka, Nord-Trøndelag, Oppland og Møre og
Romsdal, må ein ut med over 30 000 kroner i året for ein plass i kommunal
barnehage.
Gradering etter inntekt
Grunnen til at det er så stor forskjell i betalingssatsane, er kommunane
sitt val av betalingssystem. I overkant av halvparten av kommunane har flate
betalingssatsar, medan resten har satsar gradert etter inntekt.
Ser ein på dei rimelegaste kommunane i utvalet, er det tre kommunar som tilbyr
gratis plass til barn frå husstandar med bruttoinntekt på 100 000 kroner.
Dette står i sterk kontrast til dei dyraste kommunane der same husstand må ut
med over 35 000 kroner i året. Men kombinasjonen av låg inntekt og høg
foreldrebetaling fører ofte til at husstandane i mange tilfelle kjem inn under
ulike økonomiske støtteordningar. Dette ser ein ved at om lag 69 prosent av
kommunane tilbyr friplass eller rabatt etter særskilt behandling.
Private barnehagar
For familiar med inntekt på 375 000 kroner viser undersøkinga liten skilnad i årsbetalinga mellom private og kommunale barnehagar i dei største byane. Eit unntak er Stavanger, der heildagsopphald i kommunal barnehage er klart rimelegare enn i privat. For familiar med 100 000 kroner i inntekt er det lønsamt med kommunal barnehageplass i Oslo, Bergen og Stavanger. Desse kommunane har eit betalingssystem som er gradert etter inntekt. I dei private barnehagane nyttar ein flate satsar, noko som fører til relativt høge prisar for låginntektsgruppa. I Bodø og Trondheim er det berre små skilnader mellom dei private og dei kommunale barnehagesatsane, same kva for inntektsnivå hushalda har.
Om statistikken
Undersøkinga er halvårleg og kartlegg betalingssatsar for heildagsopphald i barnehage for hushald med brutto årsinntekt på 100 000, 250 000 og 375 000 kroner. Utvalet dekkjer 109 kommunar, det vil seie Oslo og seks kommunar frå kvar av dei 18 andre fylka i landet. Private barnehagar er inndelte etter område, der Oslo, Stavanger, Bergen, Trondheim og Bodø med omland er nytta. Private barnehagar er utan kommunal støtte.
Ny statistikk
Foreldrebetalingsundersøkinga for barnehagar, januar 1999.
Statistikken
kjem ut i Ukens statistikk i mai og november kvart år. Undersøkinga blir
gjennomført for Barne- og familiedepartementet. Meir informasjon:
Kari-Anne.Hovland@ssb.no, tlf. 21 09 47 22, eller Frode.Bendiksen@ssb.no, tlf.
21 09 44 27.
Ukens statistikk nr. 18, 1999 [an error occurred while processing this directive]