[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 19, 1999 Arbeidsløyse blant innvandrarar, 1

Arbeidsløyse blant innvandrarar, 1. kvartal 1999:

Fire gonger så høg arbeidsløyse for ikkje-vestlege innvandrarar


Arbeidsløysa for ikkje-vestlege innvandrarar var heile 10,5 prosent ved utgangen av februar i år. Til samanligning var arbeidsløysa for heile folket 2,6 prosent. For førstegenerasjonsinnvandrarar i alt var arbeidsløysa 7,2 prosent, alt rekna som del av arbeidsstyrken.

Ved utgangen av februar i år var det registrert 8 866 arbeidslause førstegenerasjonsinnvandrarar. Grunna endringar i definisjonen av registrerte heilt arbeidslause frå 1999 har vi ikkje heilt sikre endringstal for innvandrarar. Utrekningar som byggjer på Arbeidsdirektoratet sin korrigering av brotet i tidsserien, tyder på at det var om lag 950 færre registrerte heilt arbeidslause 1. kvartal 1999 enn same kvartal året før.

Den registrerte arbeidsløyseprosenten for mannlege innvandrarar var 7,9 i februar i år, medan den registrerte arbeidsløysa ved arbeidskontora for innvandrarkvinner var 6,3 prosent. Både for mannlege og kvinnelege innvandrarar var arbeidsløyseprosenten størst for dei frå Afrika og Aust-Europa.

2 500 færre innvandrarar på tiltak

Talet på innvandrarar på ordinære arbeidsmarknadstiltak gjekk ned med heile 2 508 personar frå februar 1998 til 1999. Ved utgangen av februar i år var det registrert 3 226 innvandrarar på ordinære arbeidsmarknadstiltak. Det er 30 prosent av alle på ordinære arbeidsmarknadstiltak.

Høgast arbeidsløyse i Østfold, lågast i Akershus

Statistisk sentralbyrå reknar og ut registrerte arbeidslause i prosent av alle innvandrarar i yrkesaktiv alder (16-74 år) i gruppa, og ikkje berre i prosent av arbeidsstyrken. Talet på arbeidslause ikkje-vestlege innvandrarar i prosent av ikkje-vestlege innvandrarar i yrkesaktiv alder var i februar i år lågast i Akershus, med 4,3 prosent, og høgast i Østfold, med 10,5 prosent. I Oslo var tilsvarande prosent 5,7. Bruttoarbeidsløysa (arbeidslause pluss dei på tiltak) var høgast for dei ikkje-vestlege innvandrarane busett i Hedmark og lågast for dei busett i Akershus.

Om statistikken

Innvandrarar er i denne statistikken personar (16-74 år) som er fødde i utlandet av utanlandske foreldre. Ikkje-vestlege innvandrarar omfattar personar frå Aust-Europa, Asia, Tyrkia, Afrika, Sør- og Mellom-Amerika. Arbeidsløyse- og tiltakstala byggjer på data frå Arbeidsdirektoratet sitt register over personar som søkjer arbeid ved arbeidskontora.

Endra definisjon av registrerte arbeidslause

Definisjonen til Arbeidsdirektoratet av registrerte heilt arbeidslause vart endra frå og med 1. januar 1999. Frå og med i år vil opplysningar om ein har hatt lønna arbeid dei to siste vekene, avgjere om personar blir rekna som heilt arbeidslause eller delvis sysselsette. Tidlegare blei personar klassifiserte i dei to kategoriane utifrå om dei fekk avkorting i dagpengane. Eit problem med dette var at personar kunne ha avkorta dagpengeutbetaling utan å ha lønna arbeid. Den berekna konsekvensen av brotet er ein fiktiv auke i talet på heilt arbeidslause på 6,8 prosent for februar.

[Figur 1]

Figur 1: Ikkje-vestlege innvandrarar1 registrert arbeidslause eller på arbeidsmarknads-tiltak i prosent av personar i alt 16-74 år, etter bustadfylke. 1. kvartal 1999


Ny statistikk
Arbeidsløyse blant innvandrarar, 1. kvartal 1999.
Statistikken kjem ut fire gonger i året i Ukens statistikk. Meir informasjon:Jorn.Ivar.Hamre@ssb.no, tlf. 21 09 49 29, eller Bjorn.Mathisen@ssb.no, tlf. 21 09 48 89.

Tabeller

Ukens statistikk nr. 19, 1999 [an error occurred while processing this directive]