Sesongjusterte tal

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånaders glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknar ein dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane, for eksempel ei samanlikning mellom august til og med oktober 2013 og mai til og med juli 2013. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd.