Endring i indeksverdien i eit kalenderår samanlikna med same størrelse året før. Årsendring blir berekna ved å ta forholdet mellom gjennomsnittet av månadsindeksane for aktuelt år og tilsvarande gjennomsnittstal for året før. Årsendringa må ikkje blandast saman med tolvmånadsendringa, som er endringa i indeksen frå ein månad eitt bestemt år, til same månad året etter. Både årsendring og tolvmånadsendring bereknast frå kalenderjusterte tal.