For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånaders glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknar ein dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane, for eksempel april til og med juni 2014, mot januar til og med mars 2014. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd.