For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånaders glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknar ein dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane, for eksempel september til og med november 2014, mot juni til og med august 2014. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd.