Sesongjusterte tal

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånaders glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknar ein dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane, for eksempel oktober til og med desember 2014, sett i høve til juli til og med september 2014. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd.