For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånads glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknar ein dei siste ikkje-overlappande tremånadsperiodane, for eksempel april til og med juni 2015, mot januar til og med mars 2015. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd.