Sesongjusterte tal

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånads glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknar ein dei siste ikkje-overlappande tremånadsperiodane, for eksempel juli-september 2015, mot april-juni 2015. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd.