Årsendringa

Endring i indeksverdien i eit kalenderår samanlikna med den same størrelsen året før. Årsendringa vert berekna ved å ta forholdet mellom gjennomsnittet av månadsindeksane for det aktuelle året og tilsvarande gjennomsnittstal for året før. Årsendringa må ikkje blandast saman med tolvmånadsendringa, som er endringa i indeksen frå ein månad eitt bestemt år til den same månaden året etter. Både årsendringa og tolvmånadsendring vert berekna frå kalenderjusterte tal.