For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånads glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknar ein dei siste ikkje-overlappande tremånadsperiodane, for eksempel november 2015 – januar 2016, mot august – oktober 2015. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd.