For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånaders glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknar ein dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane, for eksempel januar -mars 2016, mot oktober-desember 2015. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd.