Helsestasjons- og skulehelsetenesta skal bidra til eit heilskapleg helsefremjande og førebyggande arbeid for barn og ungdom 0-20 år og for gravide som går til kontroll ved helsestasjon. Det helsefremjande og førebyggande arbeidet i helsestasjons- og skulehelsetenesta er forskriftsfesta ved heimel i lov om kommunale helse- og omsorgstenester og lov om vern mot smittsame sjukdomar.