Nominell pris er beløpet du betalar for ei vare eller teneste. Ein sjokolade kosta til dømes ei krone i 1960. Dette var den nominelle prisen for ein sjokolade i 1960. I 2015 kosta ein sjokolade til dømes 25 kroner. Dette var den nominelle prisen for ein sjokolade i 2015. Den nominelle prisauka var 2 400 prosent, men sjokoladen var ikkje 2 400 prosent dyrare i 2015 enn i 1960, av di kroneverdien samstundes har minka pga. inflasjon.