For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånaders glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknar ein dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane, for eksempel november 2016–januar 2017, mot august–oktober 2016. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd.