For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånaders glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknar ein dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane, for eksempel februar- april 2017, mot november 2016 - januar 2017. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd.