Dersom ein set opp ei liste med abonnement sortert etter hastigheita på breibandet, vil medianverdien vere den hastigheita som hamnar midt på lista. Medianverdien deler altså lista i to like store delar. Median må ikkje blandast saman med gjennomsnitt.