Bygningsbrannar

Ein brann blir definert ut frå kor han starta opp. Det betyr at sjølv om det er fleire bygg og bustader innanfor eit område som blir råka, blir brannen berre talt éin gong dersom opphavsstaden er den same. Viss ein brann startar ein annan stad enn i bygg eller bustad, skal han teljast som annan type brann og vil i statistikken kunne sjåast i tal for utrykkingar til brannar og andre utrykkingar.