CO2

CO2 er den kjemiske forkortinga for gassen karbondioksid. Karbondioksid utviklast ved forbrenning av fossilt brensel, blant anna kol, naturgass, bensin og diesel. Sidan utsleppa av karbondioksid er store, blir gassen rekna som eit viktig bidrag til menneskeskapte klimaendringar.