bonitet

Eit uttrykk for evna marka har til å produsere trevirke. I H40-systemet blir boniteten gitt ved overhøgda til 40 år gamle tre. Overhøgda er gjennomsnittshøgda til dei ti trea per dekar som har størst diameter i brysthøgd, altså 1,3 meter over bakken. Høg bonitet omfattar bonitetsklassene 17, 20, 23 og 26, middels bonitet utgjer bonitetsklassene 14 og 11, medan låg bonitet er bonitetsklassene 6 og 8.