For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånaders glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknar ein dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane, for eksempel juli–september 2017, mot april–juni 2017. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd.