EU-SILC-undersøkinga

EU SILC-undersøkinga er ei europeisk utvalundersøking om inntekt, sosial inkludering og levekår som er samordna gjennom EU sitt statistikkbyrå Eurostat. Det primære føremålet med EU-SILC undersøkinga er å produsera datagrunnlag for EU sine indikatorar for velferd og sosial inkludering, og undersøkinga er utforma for å kunna gi både årlege tverrsnittsdata og paneldata. EU SILC-undersøkinga gir samanliknbare data for 32 europeiske land, og er ein såkalla outputharmonisert undersøking. Det vil blant anna seia at dei ulike landa som får utført undersøkinga berre er forplikta til å dekkja definisjonen av dei ulike variablane i undersøkinga, og ikkje er bundne til å nytta bestemte spørsmålsformuleringar eller kjelder til informasjon. For meir dokumentasjon, sjå her.