A-ordninga

Frå og med 2015 blei rapportering frå arbeidsgjevarane til NAV Aa-registeret og nokre rapporteringar til Skatteetaten og SSB samla i ei ny felles rapporteringsløysing kalla a-ordninga. A-ordninga er ei samordna digital innsamling av opplysningar om arbeidstilhøve, inntekt og skattetrekk til Skatteetaten, NAV og SSB ved hjelp av a-meldinga.