For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånaders glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknar ein dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane, for eksempel februar-april 2018, mot november 2017-januar 2018. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd.