Årsvekst

Endring i indeksverdien i eit kalenderår samanlikna med den same størrelsen året før. Årsendringa blir berekna ved å ta forholdet mellom gjennomsnittet av månadsindeksane for aktuelt år og tilsvarande gjennomsnittstal for året før. Årsendringa må ikkje blandast saman med tolvmånadsendringa, som er endringa i indeksen frå ein månad eitt bestemt år, til den same månaden året etter.