Sesongjustering

Tidsseriedata i samfunnsvitskap vil ofte vere påverka av fenomen som gjentar seg til om lag same tid kvart år. Til dømes fører ferieavvikling i juli til at produksjonen mange stader fell frå juni til juli. Sesongeffektane er i mange tilfelle så store at det er vanskeleg å analysere statistikken. Sesongjustering gjer det med andre ord enklare å forstå kva som har skjedd mellom to ulike tidspunkt.