Tiltak frå barnevernet til unge i alderen 18-22 år. I barnevernloven § 1-3 står det slik: Når barnet samtykker, kan tiltak som er iverksatt før barnet har fylt 18 år, opprettholdes eller erstattes av andre tiltak som er omhandlet i denne lov inntil barnet har fylt 23 år.
Aldersgrensa for barnevernet, og då ettervern, vart heva frå 20 til 23 år frå og med 1998. I forslaget til ny barnevernslov er aldersgrensa for å få tiltak frå barnevernet foreslått auka til 25 år.