Rapporter 2014/36

Funksjonshemma på arbeidsmarknaden i 2014

Formålet med undersøkinga er å kartlegge situasjonen for dei funksjonshemma på arbeidsmarknaden og sjå korleis den utviklar seg over tid.

Formålet med undersøkinga er å kartlegge situasjonen for dei funksjonshemma på arbeidsmarknaden og sjå korleis den utviklar seg over tid.

15 prosent av befolkninga i alderen 15-66 år oppgav i 2. kvartal 2014 å ha ei funksjonshemming, her definert som fysiske eller psykiske helseproblem av meir varig karakter. Av desse var 43 prosent i arbeid, mens det i befolkninga totalt i alderen 15-66 år var 75 prosent i arbeid. Dette var på om lag same nivå som året før. Likevel er det blitt fleire med heiltidsarbeid blant dei funksjonshemma.

Frå 2002, då desse undersøkingane starta opp, til 2014 har sysselsetjingsprosenten falle med om lag tre prosentpoeng for dei funksjonshemma, samanlikna med to prosentpoeng for heile befolkninga.

Tre av fem tilsette hadde fått arbeidssituasjonen tilpassa funksjonshemminga. Dette er i tråd med resultata for dei føregåande sju år. Jamført med 2002, då dette spørsmålet var med for første gong, er det ein auke på 16 prosentpoeng. Av dei som ikkje hadde fått noka tilrettelegging, meinte 16 prosent at det var behov for dette.

Blant dei funksjonshemma som ikkje var i arbeid i 2. kvartal 2014, var det 28 prosent som ønskte seg eit arbeid. Det er på same nivå som i 2002, då desse undersøkingane starta opp, og dessutan nokså likt med dei seks siste åra når ein tar omsyn til feilmarginen i AKU. Også i befolkninga i alt som ikkje var i arbeid, var det 28 prosent som uttrykte ønske om arbeid i 2014.

Ikkje alle som ønskjer arbeid, blir rekna som arbeidsledige slik dette blir definert i statistikken. Av dei 85 000 funksjonshemma med ønske om arbeid var det 18 prosent (15 000) som blei klassifiserte som arbeidsledige. Til samanlikning var det 250 000 ikkje-sysselsette i heile befolkninga med ønske om arbeid, og av dei blei 36 prosent (91 000) rekna som ledige, slik dette er definert i AKU.

To av tre personar med funksjonshemming oppgav i 2. kvartal 2014 å motta ein eller fleire stønader som følgje av funksjonshemminga. Av dei sysselsette funksjonshemma var 41 prosent stønadsmottakarar. Tala over stønadsmottak har halde seg relativt stabile i fleire år.

For dei som deltok i undersøkinga både i 2013 og i 2014, var 37 prosent sysselsett på begge tidspunkt, mens 51 prosent var utanfor arbeidsstyrken. Om lag fem prosent gjekk ut av sysselsetjing og tre prosent motsett veg.

Om publikasjonen

Tittel

Funksjonshemma på arbeidsmarknaden i 2014

Ansvarlig

Tor Petter Bø

Serie og -nummer

Rapporter 2014/36

Utgiver

Statistisk sentralbyrå

Oppdragsgiver

Arbeids- og sosialdepartementet

Emner

Funksjonsevne , Sysselsetting

ISBN (elektronisk)

978-82-537-9021-3

ISBN (trykt)

978-82-537-9020-6

ISSN

1892-7513

Antall sider

40

Målform

Nynorsk

Om Rapporter

I serien Rapporter publiseres analyser og kommenterte statistiske resultater fra ulike undersøkelser. Undersøkelser inkluderer både utvalgsundersøkelser, tellinger og registerbaserte undersøkelser.

Kontakt