Rapporter 2015/54

Funksjonshemma på arbeidsmarknaden i 2015

43 prosent av dei funksjonshemma i alderen 15–66 år var i arbeid i 2. kvartal 2015 mot 74 prosent av den totale befolkninga i same aldersgruppe. Frå 2002 til 2015 har sysselsettingsprosenten falle med nær 3 prosentpoeng for dei funksjonshemma mot 2 prosentpoeng for befolkninga samla

Dette er ein rapport frå ei tilleggsundersøking til Arbeidskraftundersøkinga (AKU) i 2. kvartal 2015 om situasjonen til dei funksjonshemma på arbeidsmarknaden. Tilsvarande undersøkingar er blitt gjennomførte årleg sidan 2002.

Formålet med dei årlege undersøkingane om personar med nedsett funksjonsevne er å kartlegge deira situasjon på arbeidsmarknaden og sjå korleis tilknytinga utviklar seg over tid.

Fleire har fått tilpassa arbeidssituasjon

Nær 17 prosent av befolkninga i alderen 15–66 år oppgav i 2. kvartal 2015 å ha ei funksjonshemming, her definert som fysiske eller psykiske helseproblem av meir varig karakter. Av desse var 43 prosent i arbeid, mens det i befolkninga totalt i alderen 15–66 år var 74 prosent i arbeid. Dette var på om lag same nivå som dei to føregåande åra for begge gruppene. Frå 2002, då desse undersøkingane starta opp, til 2015 har sysselsettingsprosenten falle med nær tre prosentpoeng for dei funksjonshemma, samanlikna med to prosentpoeng for heile befolkninga.

Over halvparten av dei tilsette hadde fått arbeidssituasjonen tilpassa funksjonshemminga. Dette er i tråd med resultata for dei føregåande åtte år. Jamført med 2002, då dette spørsmålet var med for første gong, er det ein auke på 13 prosentpoeng. Av dei som ikkje hadde fått noka tilrettelegging, meinte 17 prosent at det likevel var behov for dette.

Stabilt tal på stønadsmottakarar

Blant dei funksjonshemma som ikkje var i arbeid i 2. kvartal 2015, var det 27 prosent som ønskte seg eit arbeid. Denne prosentdelen har stort sett halde seg på same nivå sidan desse undersøkingane starta opp i 2002 når ein tar omsyn til feilmarginen. I befolkninga i alt som ikkje var i arbeid, var det 36 prosent som uttrykte ønske om arbeid i 2015.

64 prosent av alle med funksjonshemming oppgav i 2. kvartal 2015 at dei mottar ein eller fleire stønader som følgje av funksjonshemminga. Av dei sysselsette funksjonshemma var 38 prosent stønadsmottakarar. Tala over stønadsmottak har halde seg relativt stabile i fleire år.

Arbeidet er finansiert av Arbeids- og sosialdepartementet. 

Om publikasjonen

Tittel

Funksjonshemma på arbeidsmarknaden i 2015

Ansvarlege

Tor Petter Bø, Inger Håland

Serie og -nummer

Rapporter 2015/54

Utgivar

Statistisk sentralbyrå

Oppdragsgivar

Arbeids- og sosialdepartementet

Emne

Funksjonsevne , Sysselsetting

ISBN (elektronisk)

978-82-537-9267-5

ISBN (trykt)

978-82-537-9266-8

ISSN

1892-7513

Tal sider

48

Målform

Bokmål

Om Rapporter

I serien Rapporter publiseres analyser og kommenterte statistiske resultater fra ulike undersøkelser. Undersøkelser inkluderer både utvalgsundersøkelser, tellinger og registerbaserte undersøkelser.

Kontakt