Rapporter 2010/52
Funksjonshemma på arbeidsmarknaden
- Publikasjonen er en del av serien
- Funksjonshemmede på arbeidsmarkedet
Formålet med undersøkinga er å kartlegge situasjonen for dei funksjonshemma på arbeidsmarknaden og sjå korleis deira situasjon skiljer seg frå andres.
Formålet med undersøkinga er å kartlegge situasjonen for dei funksjonshemma på arbeidsmarknaden og sjå korleis deira situasjon skiljer seg frå andres.
17 prosent av befolkninga i alderen 15-66 år oppgav i 2. kvartal 2010 å ha ei funksjonshemming, her definert som fysiske eller psykiske helseproblem av meir varig karakter. Av desse var 43,6 prosent i arbeid, mens det i befolkninga totalt var 74,6 prosent i arbeid. Dette er på om lag same nivå som i 4. kvartal 2009.
Blant dei funksjonshemma hadde 44 prosent av dei sysselsette ein deltidsjobb i 2. kvartal 2010, mens dette gjaldt for berre 26 prosent av dei sysselsette i alt.
Mens 62 prosent av dei funksjonshemma totalt mottok stønader, gjaldt dette berre 38 prosent av dei funksjonshemma som var i arbeid. Av desse igjen mottok halvparten uførepensjon.
Mange av dei funksjonshemma som ikkje var i arbeid i 2. kvartal 2010, ønskte seg eit arbeid; 24 prosent eller om lag 78 000. Av desse var det 20 000 som fylte krava for å bli definerte som arbeidsledige. Samanlikna med undersøkinga i 4. kvartal 2009 har talet på dei som ønskjer arbeid halde seg stabilt. Det har vore ein auke i arbeidsløysa, men det er i tråd med den generelle trenden.
Funksjonshemming avgrensar ofte kva slags arbeid ein kan ha. Ifølgje statistikken gjaldt dette i 64 prosent av tilfella i 2010. Dessutan oppgav 54 prosent at funksjonshemminga avgrensar kor mykje dei kan arbeide. Vel halvparten av dei tilsette hadde fått arbeidssituasjonen tilpassa funksjonshemminga, på line med resultatet for fjoråret.
Om lag 85 prosent av dei som oppgav å ha ei funksjonshemming, hadde same status på arbeidsmarknaden to år på rad i perioden 2005-2008, om lag som totalbefolkninga. Ein tredel var sysselsett to år på rad, mens halvparten var utanfor arbeidsstyrken.
Om publikasjonen
- Tittel
-
Funksjonshemma på arbeidsmarknaden
- Ansvarlege
-
Tor Petter Bø, Inger Håland, Tonje Køber
- Serie og -nummer
-
Rapporter 2010/52
- Utgivar
-
Statistisk sentralbyrå
- Emne
-
Funksjonsevne , Sysselsetting
- ISBN (elektronisk)
-
978-82-537-7984-3
- ISBN (trykt)
-
978-82-537-7983-6
- ISSN
-
1892-7513
- Tal sider
-
62
- Målform
-
Nynorsk
- Om Rapporter
-
I serien Rapporter publiseres analyser og kommenterte statistiske resultater fra ulike undersøkelser. Undersøkelser inkluderer både utvalgsundersøkelser, tellinger og registerbaserte undersøkelser.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste