Rapporter 2009/10
Funksjonshemma på arbeidsmarknaden
- Publikasjonen er en del av serien
- Funksjonshemmede på arbeidsmarkedet
Dette er ein rapport frå ei tilleggsundersøking til Arbeidskraftundersøkinga (AKU) 2. kvartal 2008 om situasjonen til dei funksjonshemma på arbeidsmarknaden. Funksjonshemming blir her definert som fysiske eller psykiske helseproblem av meir varig karakter.
Heile 17 prosent av befolkninga i alderen 15-66 år oppgav å ha ei funksjonshemming i 2008. Av desse var om lag 45 prosent i arbeid, mens det i befolkninga totalt var 77 prosent i arbeid. Blant dei funksjonshemma var nesten halvparten sysselsett på deltid, mens det i befolkninga totalt berre var ein fjerdedel på deltid. Mens 64 prosent av dei funksjonshemma totalt mottok stønader, gjaldt dette berre 40 prosent av dei funksjonshemma som var i arbeid. Av desse igjen var det 54 prosent som mottok uførepensjon.
Mange av dei funksjonshemma som ikkje var i arbeid i 2. kvartal 2008, ønskte seg eit arbeid; heile 31 prosent eller vel 90 000. Av desse var det berre 16 000 som blei definerte som arbeidsledige. Samanlikna med 2007 har talet på dei som ønskjer arbeid auka med om lag 10 prosentpoeng. Funksjonshemming avgrensar ofte kva slags arbeid ein kan ha. Ifølgje statistikken gjaldt dette i 67 prosent av tilfella i 2008. Dessutan oppgav 58 prosent at funksjonshemminga avgrensar kor mykje dei kan arbeide, og 55 prosent av dei tilsette hadde fått arbeidssituasjonen tilpassa funksjonshemminga.
Om publikasjonen
- Tittel
-
Funksjonshemma på arbeidsmarknaden
- Ansvarlege
-
Tor Petter Bø, Inger Håland
- Serie og -nummer
-
Rapporter 2009/10
- Utgivar
-
Statistisk sentralbyrå
- Oppdragsgivar
-
Arbeids- og inkluderingsdepartementet
- Emne
-
Funksjonsevne , Sysselsetting
- ISBN (elektronisk)
-
978-82-537-7556-2
- ISBN (trykt)
-
978-82-537-7555-5
- ISSN
-
0806-2056
- Tal sider
-
68
- Målform
-
Nynorsk
- Om Rapporter
-
I serien Rapporter publiseres analyser og kommenterte statistiske resultater fra ulike undersøkelser. Undersøkelser inkluderer både utvalgsundersøkelser, tellinger og registerbaserte undersøkelser.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste