Rapporter 2010/27

Funksjonshemma på arbeidsmarknaden

16 prosent av befolkninga i alderen 15-66 år oppgav i 4. kvartal 2009 å ha ei funksjonshemming, her definert som fysiske eller psykiske helseproblem av meir varig karakter. Av desse var 43,1 prosent i arbeid, mens det i befolkninga totalt var 74,6 prosent i arbeid.Samanlikna med 2. kvartal 2008 inneber dette ein nedgang i sysselsetjinga på 2,2 prosentpoeng for dei funksjonshemma, mens nedgangen var på 2,7 prosentpoeng for befolkninga totalt.

Blant dei funksjonshemma hadde 46 prosent av dei sysselsette ein deltidsjobb, mens dette gjaldt for berre 26 prosent av dei sysselsette totalt.

Mens 65 prosent av dei funksjonshemma totalt mottok stønader, gjaldt dette berre 40 prosent av dei funksjonshemma som var i arbeid. Av desse igjen mottok halvparten uførepensjon.

Mange av dei funksjonshemma som ikkje var i arbeid i 4. kvartal 2009, ønskte seg eit arbeid; 23 prosent eller om lag 70 000. Av desse var det 10 000 som fylte krava for å bli definerte som arbeidsledige. Samanlikna med undersøkinga i 2. kvartal 2008 har talet på dei som ønskjer arbeid gått ned, men er på nivå med resultata frå 2007 og tidlegare år. Funksjonshemming avgrensar ofte kva slags arbeid ein kan ha. Ifølgje statistikken gjaldt dette i 67 prosent av tilfella i 2009. Dessutan oppgav 56 prosent at funksjonshemminga avgrensar kor mykje dei kan arbeide. 54 prosent av dei tilsette hadde fått arbeidssituasjonen tilpassa funksjonshemminga; ein auke på 11 prosentpoeng sidan 2002, men på same nivå som i 2008.

Om publikasjonen

Tittel

Funksjonshemma på arbeidsmarknaden

Ansvarlege

Tor Petter Bø, Inger Håland

Serie og -nummer

Rapporter 2010/27

Utgivar

Statistisk sentralbyrå

Oppdragsgivar

Arbeidsdepartementet

Emne

Funksjonsevne , Sysselsetting

ISBN (elektronisk)

978-82-537-7850-1

ISBN (trykt)

978-82-537-7849-5

ISSN

0806-2056

Tal sider

61

Målform

Nynorsk

Om Rapporter

I serien Rapporter publiseres analyser og kommenterte statistiske resultater fra ulike undersøkelser. Undersøkelser inkluderer både utvalgsundersøkelser, tellinger og registerbaserte undersøkelser.

Kontakt