Rapporter 2011/47

Funksjonshemma på arbeidsmarknaden i 2011

Formålet med undersøkinga er å kartlegge situasjonen for dei funksjonshemma på arbeidsmarknaden og sjå korleis den utviklar seg over tid.

Formålet med undersøkinga er å kartlegge situasjonen for dei funksjonshemma på arbeidsmarknaden og sjå korleis den utviklar seg over tid.

16 prosent av befolkninga i alderen 15-66 år oppgav i 2. kvartal 2011 å ha ei funksjonshemming, her definert som fysiske eller psykiske helseproblem av meir varig karakter. Av desse var 42,3 prosent i arbeid, mens det i befolkninga totalt var 73,9 prosent i arbeid. For begge grupper var dette ein nedgang samanlikna med 2. kvartal 2010. For dei funksjonshemma kom nedgangen blant menn mellom 40 og 60 år, mens det for yngre menn og for kvinner berre var mindre endringar.

Blant dei funksjonshemma hadde 47 prosent av dei sysselsette ein deltidsjobb i 2. kvartal 2011, mens dette gjaldt for berre 26 prosent av dei sysselsette i alt.

56 prosent av dei tilsette hadde fått arbeidssituasjonen tilpassa funksjonshemminga. Dette er i tråd med resultata for dei føregåande fire år. Av dei tilsette som ikkje hadde fått noka tilrettelegging, framheldt 17 prosent at dei hadde behov for dette.

25 prosent av dei funksjonshemma som ikkje var i arbeid i 2. kvartal 2011, ønskte seg eit arbeid. Det er på same nivå som dei tre siste åra. Av befolkninga i alt som ikkje var i arbeid, var det 28 prosent som ønskte seg arbeid. I desse gruppene med ønske om arbeid var det 16 prosent blant dei funksjonshemma og 39 prosent i befolkninga i alt som fylte krava for å bli definerte som arbeidsledige.

To av tre personar med funksjonshemming oppgav i 2.kvartal 2011 å motta ein eller fleire stønader som følgje av funksjonshemminga. Av dei sysselsette funksjonshemma var 40 prosent stønadsmottakarar. Av desse igjen mottok over halvparten uførepensjon.

For dei som deltok i undersøkinga både i 4. kvartal 2009 og i 2. kvartal 2010, var 36 prosent sysselsett på begge tidspunkt, mens 56 prosent var utanfor arbeidsstyrken. Snaut 4 prosent gjekk ut av sysselsetting og nesten like mange motsett veg.

Om publikasjonen

Tittel

Funksjonshemma på arbeidsmarknaden i 2011

Ansvarlige

Tor Petter Bø, Inger Håland

Serie og -nummer

Rapporter 2011/47

Utgiver

Statistisk sentralbyrå

Emner

Funksjonsevne , Sysselsetting

ISBN (elektronisk)

978-82-537-8262-1

ISBN (trykt)

978-82-537-8261-4

ISSN

1892-7513

Antall sider

57

Målform

Bokmål

Om Rapporter

I serien Rapporter publiseres analyser og kommenterte statistiske resultater fra ulike undersøkelser. Undersøkelser inkluderer både utvalgsundersøkelser, tellinger og registerbaserte undersøkelser.

Kontakt