Rapporter 2012/36

Funksjonshemma på arbeidsmarknaden i 2012

Formålet med undersøkinga er å kartlegge situasjonen for dei funksjonshemma på arbeidsmarknaden og sjå korleis den utviklar seg over tid.

15 prosent av befolkninga i alderen 15-66 år oppgav i 2. kvartal 2012 å ha ei funksjonshemming, her definert som fysiske eller psykiske helseproblem av meir varig karakter. Av desse var 41 prosent i arbeid, mens det i befolkninga totalt var nær 75 prosent i arbeid. For kvinner med funksjonshemming gjekk sysselsettingsprosenten ned for dei over 40 år frå 2011 til 2012, mens det for yngre kvinner og for menn berre var mindre endringar.

Ti år tilbake i tid, då ei tilsvarande undersøking blei gjennomført for første gong, var det relativt fleire som oppgav å ha ei funksjonshemming (nær 17 prosent). Då var det også ein høgare prosentdel i denne gruppa som var i arbeid, slik at sysselsetjingsprosenten har falle med om lag fem prosentpoeng for dei funksjonshemma i denne tiårsperioden, samanlikna med to prosentpoeng for heile befolkninga.

Blant dei funksjonshemma hadde 48 prosent av dei sysselsette ein deltidsjobb i 2. kvartal 2012, mens dette gjaldt for berre 25 prosent av dei sysselsette i alt. Over lengre tid har utviklinga gått i retning av fleire på deltid, særleg blant menn.

58 prosent av dei tilsette i 2. kvartal 2012 hadde fått arbeidssituasjonen tilpassa funksjonshemminga. Dette er i tråd med resultata for dei føregåande fem år. Sett i forhold til 2. kvartal 2002, då dette spørsmålet var med for første gong, er det ein auke på 15 prosentpoeng. Av dei som ikkje hadde fått noka tilrettelegging i 2012, meinte 21 prosent at det var behov for dette.

27 prosent av dei funksjonshemma som ikkje var i arbeid i 2. kvartal 2012, ønskte seg eit arbeid. Det er på same nivå som i 2002, då desse undersøkingane starta opp, og dessutan nokså likt med dei fire siste åra når ein tar omsyn til feilmarginen. Av befolkninga i alt som ikkje var i arbeid, var det 34 prosent som ønskte seg arbeid. I desse gruppene med ønske om arbeid var det 17 prosent av dei funksjonshemma og 31 prosent i befolkninga i alt som fylte krava for å bli definerte som arbeidsledige.

To av tre personar med funksjonshemming oppgav i 2.kvartal 2012 å motta ein eller fleire stønader som følgje av funksjonshemminga. Av dei sysselsette funksjonshemma var 38 prosent stønadsmottakarar. Av desse igjen mottok over halvparten uførepensjon.

For dei som deltok i undersøkinga både i 2. kvartal 2011 og i 2. kvartal 2012, var 32 prosent sysselsett på begge tidspunkt, mens 59 prosent var utanfor arbeidsstyrken. Snaut 6 prosent gjekk ut av sysselsetting og om lag 2 prosent motsett veg.

Om publikasjonen

Tittel

Funksjonshemma på arbeidsmarknaden i 2012

Ansvarlege

Tor Petter Bø, Inger Håland

Serie og -nummer

Rapporter 2012/36

Utgivar

Statistisk sentralbyrå

Emne

Funksjonsevne , Sysselsetting

ISBN (elektronisk)

978-82-537-8538-7

ISBN (trykt)

978-82-537-8537-0

ISSN

1892-7513

Tal sider

39

Målform

Bokmål

Om Rapporter

I serien Rapporter publiseres analyser og kommenterte statistiske resultater fra ulike undersøkelser. Undersøkelser inkluderer både utvalgsundersøkelser, tellinger og registerbaserte undersøkelser.

Kontakt