Rapporter 2008/43
Yrkeshemma inn på arbeidsmarknaden?
- Publikasjonen er en del av serien
- Yrkeshemma inn på arbeidsmarknaden?
I denne rapporten vert det gjort ein beskrivande analyse av tilpassinga på arbeidsmarknaden for personar som har vore registrerte som yrkeshemma i NAV sitt register over arbeidssøkjarar. Opplysningar om status på arbeidsmarknaden og demografiske kjenneteikn blir nytta som grunnlag for analysen.
Populasjonen består av personar som gjekk ut av statusen som yrkeshemma i løpet av første halvdel av 2006, og evalueringstidspunktet er sett til slutten av november same året. Personane blir grupperte etter om dei har delteke i eit tiltak eller ikkje, i tillegg til at dei vidare blir delt inn etter type tiltak. Yrkeshemma som ikkje gjekk på tiltak, blir kategorisert etter om individa søker attføring, er i kartleggingsfase eller ventar på tiltak.
Datamaterialet er basert på kopla data frå ulike administrative register. Analysepopulasjonen er henta frå NAV sitt arbeidssøkjarregister, kalla ARENA, og består av til saman 25 316 personar første halvår 2006.
I forhold til eit tilsvarande utval i 2005, var samla sett 4 prosentpoeng fleire av dei som gjekk ut av status som yrkeshemma første halvår 2006 sysselsette og 2 prosentpoeng færre registrete heilt arbeidslause.
Den største prosentdelen personar som gjekk ut i arbeid i november 2006 finn me blant yrkeshemma som deltok på ordinære arbeidsmarknadstiltak, 59 prosent i denne gruppa var sysselsette i november. Sysselsettingsprosenten var 41 for dei som gjekk ut av spesielle tiltak for yrkeshemma første halvår. Yrkeshemma i handlingsplan- og ventefasar har ein lågare del i jobb enn resten av utvalet. Sysselsetjinga for denne gruppa var på 37 prosent. Lønstilskot og varig tilrettelagt arbeid utmerkar seg i kvar sin ende, med respektive 81 og 16 prosent sysselsette.
Yrkeshemma som var arbeidstakarar i november 2006 hadde i gjennomsnitt ei søkeperiode på 11,9 veker dette året frå dei gjekk ut av status som yrkeshemma til dei var registrerte i jobb. Yrkeshemma på tiltak hadde tilsvarande i gjennomsnitt ein søkeperiode på 10,3 veker, medan yrkeshemma i handlingsplan- og ventefasar hadde ein søkeperiode på 14,4 veker.
Prosjektstøtte: Arbeidet er utført som eit oppdrag for Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Om publikasjonen
- Tittel
-
Yrkeshemma inn på arbeidsmarknaden?
- Ansvarlig
-
Jørn Ivar Hamre
- Serie og -nummer
-
Rapporter 2008/43
- Utgiver
-
Statistisk sentralbyrå
- Emne
-
Sysselsetting
- ISBN (elektronisk)
-
978-82-537-7456-5
- ISBN (trykt)
-
978-82-537-7455-8
- ISSN
-
0806-2056
- Antall sider
-
26
- Målform
-
Nynorsk
- Om Rapporter
-
I serien Rapporter publiseres analyser og kommenterte statistiske resultater fra ulike undersøkelser. Undersøkelser inkluderer både utvalgsundersøkelser, tellinger og registerbaserte undersøkelser.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste