Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Arbeidskraftskostnadene auka i industrien
Indeksen for totale arbeidskraftkostnader i industrien syner ein auke på 1,2 prosent frå 3. kvartal til 4. kvartal 2008. Auken i same perioden i 2007 var på 1,8 prosent.
I byggje- og anleggsverksemder syner totalindeksen ein auke på 1,9 prosent i 4. kvartal 2008 mot ein auke på 0,2 prosent i 4. kvartal 2007.
For samanlikningar med andre land og tal for fleire næringar, sjå vedleggstabellar og statistikkbanken .
Om statistikkgrunnlagetArbeidskraftskostnadsindeksane måler kvartalsvise endringar i gjennomsnittlege arbeidskraftskostnader per betalte time. Både heiltids- og deltidstilsette inngår i statistikken.
I arbeidskraftskostnader inngår mellom anna utbetalt lønn, uregelmessige tillegg, bonusar, overtidsgodtgjersle og andre kontantytingar, naturalytingar, sosiale utgifter, arbeidsgivaravgift og opplæringskostnader. Timeverk er summen av avtalt arbeidstid og overtidstimar.
Indeksane vert utarbeidd med grunnlag i arbeidskraftkostnadsundersøkinga, årleg og kvartalsvis lønnsstatistikk samt opplysningar frå Skattedirektoratets lønns- og trekkoppgåveregister.
|
Tabeller:
- Tabell 1 Indeks for totale arbeidskraftkostnader i industri, olje- og gassutvinning og bergverksdrift, byggje- og anleggsverksemd, samferdsel, varehandel, forretningsmessig tenesteyting og kraftforsyning. Gjennomsnittet av år 2000=100
- Tabell 2 Indeks for direkte personalkostnader i industri, olje- og gassutvinning og bergverksdrift, byggje- og anleggsverksemd, samferdsel, varehandel, forretningsmessig tenesteyting og kraftforsyning. Gjennomsnittet av år 2000=100
- Tabell 3 Indeks for indirekte personalkostnader i industri, olje- og gassutvinning og bergverksdrift, byggje- og anleggsverksemd, samferdsel, varehandel, forretningsmessig tenesteyting og kraftforsyning. Gjennomsnittet av år 2000=100
Kontakt
-
Thomas Hagen
E-post: thomas.hagen@ssb.no
tlf.: 40 81 13 20
-
Heidi Bekkevold Backe
E-post: heidi.backe@ssb.no
tlf.: 40 81 13 22
-
Marianne Mellem
E-post: mnm@ssb.no
tlf.: 40 81 14 42