946_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/aki/arkiv
946
0,8 prosent lønnsauke i industrien
statistikk
2009-06-05T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn
no
aki, Arbeidskraftkostnadsindeks, arbeidskraftkostnader, indeks, næringshovudområde (for eksempel industri, bygg og anlegg, olje), næringar, heltidstilsette, deltidstilsetteLønn og arbeidskraftkostnader, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftkostnadsindeks1. kvartal 2009, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

0,8 prosent lønnsauke i industrien

Indeksen for totale arbeidskraftkostnader i industrien syner ein auke på 0,8 prosent frå 4. kvartal 2008 til 1. kvartal 2009. Tilsvarande tal frå 4. kvartal 2007 til 1. kvartal 2008 var på 0,9 prosent.

For tal for fleire næringar, sjå vedleggstabellar og Statistikkbanken .

Ny næringsklassifisering

I publiseringa er det nytta ein ny norsk standard for næringsgruppering (SN2007) - ei klassifisering av bedrifter og føretak i ulike næringar. For indeksane betyr den nye klassifiseringa at nokre observasjonar i utvalet har blitt flytta frå ei næring til ei anna, mens andre har blitt flytta inne i næringar på måtar som kan endre innverknaden dei har på indeksane.

Alle indeksane vil nå rette seg etter SN2007. For åra før 2009 er indeksane berekna på nytt, basert på SN2007. Indeksar etter den tidlegare standarden for næringsgruppering (SN2002) vil ikkje bli publisert vidare frå og med 2009, men vil bli lagra i Statistikkbanken.

Det er viktig å forstå at ein må samanlikna indeksverdiar frå den same versjonen av næringsgrupperinga når ein ser på utviklinga over tid. Ønskjer ein å sjå på utviklinga frå 4. kvartal 2005 til 4. kvartal 2008, må ein altså passe på å bruke verdiar anten frå serien basert på SN2002 eller SN2007 i begge periodane. Meir informasjon om overgang til ny standard finn du her.

Om statistikkgrunnlaget

Arbeidskraftskostnadsindeksane måler kvartalsvise endringar i gjennomsnittlege arbeidskraftskostnader per betalte time. Både heiltids- og deltidstilsette inngår i statistikken.

I arbeidskraftskostnader inngår mellom anna utbetalt lønn, uregelrette tillegg, bonusar, overtidsgodtgjersle og andre kontantytingar, naturalytingar, sosiale utgifter, arbeidsgivaravgift og opplæringskostnader. Timeverk er summen av avtalt arbeidstid og overtidstimar.

Indeksane blir utarbeida med grunnlag i arbeidskraftskostnadsundersøkinga, årleg og kvartalsvis lønnsstatistikk samt opplysningar frå Skattedirektoratets lønns- og trekkoppgåveregister.

Tabeller: