940_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/aki/arkiv
940
1,1 prosent auke i varehandelen
statistikk
2010-03-05T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn
no
aki, Arbeidskraftkostnadsindeks, arbeidskraftkostnader, indeks, næringshovudområde (for eksempel industri, bygg og anlegg, olje), næringar, heltidstilsette, deltidstilsetteLønn og arbeidskraftkostnader, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftkostnadsindeks4. kvartal 2009, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

1,1 prosent auke i varehandelen

Indeksen for totale arbeidskraftkostnader i varehandel steig med 1,1 prosent frå 3. kvartal til 4. kvartal 2009. Tilsvarande vekst året før var på 1,3 prosent.

I industri gjekk totalindeksen opp 0,5 prosent frå 3. til 4. kvartal, og i næringa byggje- og anleggsverksemd var auken på 1,3 prosent i den same perioden.

Meir informasjon

For tal for fleire næringar, sjå tabellar og statistikkbanken .

Om statistikkgrunnlaget

Arbeidskraftskostnadsindeksane måler kvartalsvise endringar i gjennomsnittlege arbeidskraftskostnader per betalte time. Både heiltids- og deltidstilsette inngår i statistikken.

I arbeidskraftskostnader inngår mellom anna utbetalt lønn, uregelmessige tillegg, bonusar, overtidsgodtgjersle og andre kontantytingar, naturalytingar, sosiale utgifter, arbeidsgivaravgift og opplæringskostnader. Timeverk er summen av avtalt arbeidstid og overtidstimar.

Indeksane vert utarbeidde med grunnlag i arbeidskraftkostnadsundersøkinga, årleg og kvartalsvis lønnsstatistikk samt opplysningar frå Skattedirektoratets lønns- og trekkoppgåveregister.

Alle indeksane følgjer ny Standard for næringsgruppering, SN2007. For åra før 2009 er indeksane berekna på nytt, basert på SN2007. Indeksar etter tidlegare standard for næringsgruppering (SN2002) vil ikkje bli publiserte vidare frå og med 2009, men er lagra i statistikkbanken. Meir informasjon om overgang til ny standard finn du her.

Tabeller: