Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
1 prosent auke i bygg og anlegg
Indeksen for totale arbeidskraftkostnader i byggje- og anleggsverksemd steig med 1,0 prosent frå 4. kvartal 2009 til 1. kvartal 2010. Tilsvarande vekst året før var på 0,7 prosent.
I industri gjekk totalindeksen opp 0,9 prosent frå 4. kvartal 2009 til 1. kvartal 2010, og i næringa kraftforsyning var auken på 0,5 prosent i den same perioden.
Meir informasjonFor tal for fleire næringar, sjå tabellar og Statistikkbanken . |
Om statistikkgrunnlagetArbeidskraftkostnadsindeksane måler kvartalsvise endringar i gjennomsnittlege arbeidskraftkostnader per betalte time. Både heiltids- og deltidstilsette inngår i statistikken. I arbeidskraftkostnader inngår mellom anna utbetalt lønn, uregelmessige tillegg, bonusar, overtidsgodtgjersle og andre kontantytingar, naturalytingar, sosiale utgifter, arbeidsgivaravgift og opplæringskostnader. Timeverk er summen av avtalt arbeidstid og overtidstimar. Indeksane vert utarbeidde med grunnlag i arbeidskraftkostnadsundersøkinga, årleg og kvartalsvis lønnsstatistikk samt opplysningar frå Skattedirektoratets lønns- og trekkoppgåveregister. Alle indeksane følgjer ny Standard for næringsgruppering, SN2007. For åra før 2009 er indeksane berekna på nytt, basert på SN2007. Indeksar etter tidlegare standard for næringsgruppering (SN2002) vil ikkje bli publisert vidare frå og med 2009, men er lagra i Statistikkbanken. Meir informasjon om overgang til ny standard finn du her. |
Tabeller:
- Tabell 1 Indeks for totale arbeidskraftkostnader, etter næringshovudområde. Gjennomsnittet av år 2005=100. Førebelse tal
- Tabell 2 Indeks for direkte arbeidskraftkostnader, etter næringshovudområde. Gjennomsnittet av år 2005=100. Førebelse tal
- Tabell 3 Indeks for indirekte arbeidskraftkostnader, etter næringshovudområde. Gjennomsnittet av år 2005=100. Førebelse tal
Kontakt
-
Thomas Hagen
E-post: thomas.hagen@ssb.no
tlf.: 40 81 13 20
-
Heidi Bekkevold Backe
E-post: heidi.backe@ssb.no
tlf.: 40 81 13 22
-
Marianne Mellem
E-post: mnm@ssb.no
tlf.: 40 81 14 42