52675_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/aki/arkiv
52675
1,1 prosent auke i varehandel
statistikk
2011-03-04T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn
no
aki, Arbeidskraftkostnadsindeks, arbeidskraftkostnader, indeks, næringshovudområde (for eksempel industri, bygg og anlegg, olje), næringar, heltidstilsette, deltidstilsetteLønn og arbeidskraftkostnader, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftkostnadsindeks4. kvartal 2010, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

1,1 prosent auke i varehandel

Den førebelse indeksen for totale arbeidskraftkostnader i varehandel steig med 1,1 prosent frå 3. til 4. kvartal 2010. I tilsvarande kvartal året før viste indeksen ein reduksjon på 0,6 prosent.

I industri gjekk totalindeksen opp med 0,9 prosent frå 3. til 4. kvartal 2010 medan tilsvarande indeks for byggje- og anleggsverksemder gjekk opp med 1,3 prosent i same perioden.

Meir informasjon

For tal for fleire næringar, sjå tabellar og Statistikkbanken .

Om statistikkgrunnlaget

Arbeidskraftkostnadsindeksane måler kvartalsvise endringar i gjennomsnittlege arbeidskraftkostnader per betalte time. Både heiltids- og deltidstilsette inngår i statistikken.

I arbeidskraftkostnader inngår mellom anna utbetalt lønn, uregelmessige tillegg, bonusar, overtidsgodtgjersle og andre kontantytingar, naturalytingar, sosiale utgifter, arbeidsgivaravgift og opplæringskostnader. Timeverk er summen av avtalt arbeidstid og overtidstimar.

Indeksane vert utarbeidde på grunnlag av dei fireårlege arbeidskraftkostnadsundersøkingane, årleg og kvartalsvis lønnsstatistikk samt opplysningar frå Skattedirektoratets lønns- og trekkoppgåveregister.

Alle indeksane følgjer Standard for næringsgruppering (SN2007).

Tabeller: