Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Moderat auke i byggje- og anleggsverksemd
Den førebelse indeksen for totale arbeidskraftkostnader i byggje- og anleggsverksemd steig med 0,8 prosent frå 4. kvartal 2010 til 1. kvartal 2011. I tilsvarande kvartal året før viste indeksen ein auke på 1,0 prosent.
Meir informasjonFor tal for fleire næringar, sjå tabellar og Statistikkbanken . |
Om statistikkgrunnlagetArbeidskraftkostnadsindeksane måler kvartalsvise endringar i gjennomsnittlege arbeidskraftkostnader per betalte time. Både heiltids- og deltidstilsette inngår i statistikken. I arbeidskraftkostnader inngår mellom anna utbetalt lønn, uregelmessige tillegg, bonusar, overtidsgodtgjersle og andre kontantytingar, naturalytingar, sosiale utgifter, arbeidsgivaravgift og opplæringskostnader. Timeverk er summen av avtalt arbeidstid og overtidstimar. Indeksane vert utarbeidde på grunnlag av dei fireårlege arbeidskraftkostnadsundersøkingane, årleg og kvartalsvis lønnsstatistikk samt opplysningar frå Skattedirektoratets lønns- og trekkoppgåveregister. Alle indeksane følgjer Standard for næringsgruppering (SN2007). |
Tabeller:
- Tabell 1 Indeks for totale arbeidskraftkostnader, etter næringshovudområde. Gjennomsnittet av år 2005=100. Førebelse tal
- Tabell 2 Indeks for direkte arbeidskraftkostnader, etter næringshovudområde. Gjennomsnittet av år 2005=100. Førebelse tal
- Tabell 3 Indeks for indirekte arbeidskraftkostnader, etter næringshovudområde. Gjennomsnittet av år 2005=100. Førebelse tal
Kontakt
-
Thomas Hagen
E-post: thomas.hagen@ssb.no
tlf.: 40 81 13 20
-
Heidi Bekkevold Backe
E-post: heidi.backe@ssb.no
tlf.: 40 81 13 22
-
Marianne Mellem
E-post: mnm@ssb.no
tlf.: 40 81 14 42