52671_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/aki/arkiv
52671
Små endringar i industrien
statistikk
2011-09-05T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn
no
aki, Arbeidskraftkostnadsindeks, arbeidskraftkostnader, indeks, næringshovudområde (for eksempel industri, bygg og anlegg, olje), næringar, heltidstilsette, deltidstilsetteLønn og arbeidskraftkostnader, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftkostnadsindeks2. kvartal 2011, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Små endringar i industrien

Førebels indeks for totale arbeidskraftkostnader i industri auka med 0,2 prosent frå 1. til 2. kvartal 2011. I tilsvarande kvartal året før viste indeksen ein auke på 1,5 prosent.

I varehandel auka arbeidskraftkostnadsindeksen med 1,8 prosent i 2. kvartal 2011. I byggje- og anleggsverksemder gjekk indeksen ned med 0,4 prosent, medan indeksen i samferdsel var tilnærma uendra i perioden.

Meir informasjon

For tal for fleire næringar, sjå tabellar og Statistikkbanken .

Om statistikkgrunnlaget

Arbeidskraftkostnadsindeksane måler kvartalsvise endringar i gjennomsnittlege arbeidskraftkostnader per betalte time. Både heiltids- og deltidstilsette inngår i statistikken.

I arbeidskraftkostnader inngår mellom anna utbetalt lønn, uregelmessige tillegg, bonusar, overtidsgodtgjersle og andre kontantytingar, naturalytingar, sosiale utgifter, arbeidsgivaravgift og opplæringskostnader. Timeverk er summen av avtalt arbeidstid og overtidstimar.

Indeksane vert utarbeidde på grunnlag av dei fireårlege arbeidskraftkostnadsundersøkingane, årleg og kvartalsvis lønnsstatistikk samt opplysningar frå Skattedirektoratets lønns- og trekkoppgåveregister.

Alle indeksane følgjer Standard for næringsgruppering (SN2007).

Tabeller: