52673_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/aki/arkiv
52673
Auka arbeidskraftskostnader i byggjebransjen
statistikk
2011-12-06T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn
no
aki, Arbeidskraftkostnadsindeks, arbeidskraftkostnader, indeks, næringshovudområde (for eksempel industri, bygg og anlegg, olje), næringar, heltidstilsette, deltidstilsetteLønn og arbeidskraftkostnader, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftkostnadsindeks3. kvartal 2011, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka arbeidskraftskostnader i byggjebransjen

Førebels indeks for totale arbeidskraftskostnader i byggje- og anleggsverksemd syner ein vekst på 2,8 prosent frå 2. til 3. kvartal 2011. I same periode i fjor viste indeksen ein reduksjon på 0,4 prosent.

I industri auka arbeidskraftskostnadsindeksen med 0,4 prosent frå 2. til 3. kvartal 2011. I olje- og gassutvinning gjekk indeksen ned med 1 prosent.

Meir informasjon

Tal for fleire næringar, sjå tabellar og Statistikkbanken .

Om statistikkgrunnlaget

Arbeidskraftskostnadsindeksane måler kvartalsvise endringar i gjennomsnittlege arbeidskraftskostnader per betalte time. Både heiltids- og deltidstilsette inngår i statistikken.

I arbeidskraftskostnader inngår mellom anna utbetalt lønn, uregelmessige tillegg, bonusar, overtidsgodtgjersle og andre kontantytingar, naturalytingar, sosiale utgifter, arbeidsgivaravgift og opplæringskostnader. Timeverk er summen av avtalt arbeidstid og overtidstimar.

Indeksane vert utarbeidde på grunnlag av dei fireårlege arbeidskraftkostnadsundersøkingane, årleg og kvartalsvis lønnsstatistikk samt opplysningar frå Skattedirektoratets lønns- og trekkoppgåveregister.

Alle indeksane følgjer Standard for næringsgruppering (SN2007).

Tabeller: