Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Arbeidskraftskostnadene opp 3,5 prosent i varehandel
Den førebelse indeksen for totale arbeidskraftskostnader i varehandel syner ein auke på 3,5 prosent frå 4. kvartal 2011 til 1. kvartal 2012.
I tilsvarande kvartal året før viste indeksen ein auke på 3,9 prosent.
I industrien syner indeksen ein auke i arbeidskraftskostnadane på 3,0 prosent frå 4. kvartal 2011 til 1. kvartal 2012. Til samanlikning auka arbeidskraftskostnadane 10,0 prosent i oljesektoren.
Meir informasjonFor å få tal frå fleire næringar, sjå tabellar og Statistikkbanken . |
Om statistikkgrunnlagetArbeidskraftskostnadsindeksane måler kvartalsvise endringar i gjennomsnittlege arbeidskraftskostnader per betalte time. Både heiltids- og deltidstilsette inngår i statistikken. I arbeidskraftskostnader inngår mellom anna utbetalt lønn, uregelmessige tillegg, bonusar, overtidsgodtgjersle samt andre kontantytingar, naturalytingar, sosiale utgifter, arbeidsgivaravgift og opplæringskostnader. Timeverk er summen av avtalt arbeidstid og overtidstimar. Indeksane vert utarbeidde på grunnlag av dei fireårlege arbeidskraftskostnadsundersøkingane, årleg og kvartalsvis lønnsstatistikk samt opplysningar frå Skattedirektoratets lønns- og trekkoppgåveregister. Alle indeksane følgjer Standard for næringsgruppering (SN2007). |
Tabeller:
- Tabell 1 Indeks for totale arbeidskraftkostnader, etter næringshovudområde. Gjennomsnittet av år 2005=100. Førebelse tal
- Tabell 2 Indeks for direkte arbeidskraftkostnader, etter næringshovudområde. Gjennomsnittet av år 2005=100. Førebelse tal
- Tabell 3 Indeks for indirekte arbeidskraftkostnader, etter næringshovudområde. Gjennomsnittet av år 2005=100. Førebelse tal
Kontakt
-
Thomas Hagen
E-post: thomas.hagen@ssb.no
tlf.: 40 81 13 20
-
Heidi Bekkevold Backe
E-post: heidi.backe@ssb.no
tlf.: 40 81 13 22
-
Marianne Mellem
E-post: mnm@ssb.no
tlf.: 40 81 14 42