Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Auka arbeidskraftskostnadar i varehandel
Den førebelse indeksen for totale arbeidskraftskostnadar i varehandel syner ein auke på 0,6 prosent frå 1. kvartal til 2. kvartal 2012.
Indeksen synte ein auke på 1,7 prosent i 2. kvartal 2011. I industrien syner indeksen ein auke i arbeidskraftskostnadane på 2 prosent frå 1. kvartal til 2. kvartal 2012.
Meir informasjonFor å få tal frå fleire næringar, sjå tabellar og Statistikkbanken . |
Om statistikkgrunnlagetArbeidskraftskostnadsindeksane måler kvartalsvise endringar i gjennomsnittlege arbeidskraftskostnadar per betalte time. Både heiltids- og deltidstilsette inngår i statistikken. I arbeidskraftskostnadar inngår mellom anna utbetalt lønn, uregelmessige tillegg, bonusar, overtidsgodtgjersle og andre kontantytingar, naturalytingar, sosiale utgifter, arbeidsgivaravgift og opplæringskostnadar. Timeverk er summen av avtalt arbeidstid og overtidstimar. Indeksane vert utarbeidde på grunnlag av dei fireårlege arbeidskraftkostnadsundersøkingane, årleg og kvartalsvis lønnsstatistikk og opplysningar frå Skattedirektoratets lønns- og trekkoppgåveregister. Alle indeksane følgjer Standard for næringsgruppering (SN2007). |
Tabeller:
- Tabell 1 Indeks for totale arbeidskraftkostnadar, etter næringshovudområde. Gjennomsnittet av år 2005=100. Førebelse tal
- Tabell 2 Indeks for direkte arbeidskraftkostnadar, etter næringshovudområde. Gjennomsnittet av år 2005=100. Førebelse tal
- Tabell 3 Indeks for indirekte arbeidskraftkostnadar, etter næringshovudområde. Gjennomsnittet av år 2005=100. Førebelse tal
Kontakt
-
Thomas Hagen
E-post: thomas.hagen@ssb.no
tlf.: 40 81 13 20
-
Heidi Bekkevold Backe
E-post: heidi.backe@ssb.no
tlf.: 40 81 13 22
-
Marianne Mellem
E-post: mnm@ssb.no
tlf.: 40 81 14 42